tirsdag 7. juni 2016

SLARAFFENLIV

Kor nydeleg atter ein gong å kunne senke sin blåkvite, stivfrosne lekam nedi ramsalte, knallblåe middelhavsbylgjer. 

Å kunne vandre «nøgen» (nesten iallfall, ein slit enno med den innpoda bluferdsemda) langs endelause strender, der flørtande småbylgjer kitlar ein mellom tærne. 

Å kunne massere vekk ekle, gråe og daude hudceller med våt, finkorna sand og kvite salflak, før ein smørjer bodyen med ekte, olivenolje og legg seg til bruning under varme, livnærande solstrålar. 

Alle tekniske dippeduppar er lagt til sides. Daglege oppgåver, ansvar og mas er totalt ute av sinn….før kveldslivet startar. 
Brumm, brumm, hei og håå…

H kaluterh zwh/ I kaliteri soi = det beste liv
 

Ingen kommentarer: