torsdag 1. oktober 2015

DRUER OG OLIVEN

Om årets drueavling vart bortimot katastrofal, lovar heldigvis olivensesongen betre. Begge deler er viktige næringsvegar for Kreta. Og verforholda er faktisk mest avgjerande  for gode avlingar her som i Norge. Noko sprøyting mot uty er naudsynt, men kan aldri friske oppatt vindruer som er øydelagde av kjøleg vårregn. Vinstokken vil ha vinterregn. Når den skyt nye skot og fruktene emnar seg, er sol og varme avgjerande for eit godt produkt.
Oliventreet tåler regn mykje betre, og er også avhengig av vinterregn. Snø og kulde taklar både vinstokken og oliventreet dårleg. Ja, for det kan faktisk snøe også på Kreta. Solskinsøya er ikkje alltid velsigna av blide vergudar. Druer er ikkje berre vin. Druer er også rosiner, eddik, raki, sylta munngodt og petimes (forkjølings/hostesaft). Oliven er fyrst og fremst olje. Rangert med verda sin beste kvalitet, faktisk. Oliven er også meze og garnityr i ulike former. Oliventreet med sine nydelege teikningar vert også nytta i ulik brukskunst. Som brennved i peisen eller som pyrinidi (melne kvistar til sentralfyring) gir det god varme i huset. Frodige vingardar og sølvgrøne olivenlundar er uansett eit fantastisk skue og typiske kjenneteikn for Kreta.

σταφύλια και ελιές/stafilia ke elies = druer og oliven

1 kommentar:

Anonym sa...

Er oliven det samme som drue? Eller er oliven en nøtt?