onsdag 21. oktober 2015

FERIEMINNE

Døsige, småflørtande bylgjer frå det Libyske hav, sleiker små, runde, varme, glatte steinar på stranda i Souda. Hjarte- rytma senkast og går litt om senn inn i takta til dei evige havdønningane.       
Total avslappa harmoni. Solglitrande, krystallklart,
blått, salt og kaldt vatn..men utruleg forfriskande. Dette
er Thalasso-terapi på sitt aller beste. 



Lange, seige symjetak mot land...siste sjøbadet i år må drygast lengst mogeleg. Oktobersola er enno varm og gjestmild og fyller ein sliten nordbukropp med bittesmå, usynlege, livgivande D-vitamin. Saltkrystallane får glitre på huda til neste dag...



Αναμνήσεις/anamnesis  = minner                                                                                                                  


Ingen kommentarer: