Djupt inne i den norske Finnskogen ligg ei lita hytte. Tufta på ein fredens plett mellom skyhøge, ranke grantre, i nærleiken av eit trolsk tjern. Utfor døra bugnar det av blåbær, tyttebær og sopp. Inni skogen beitar elgen. I tjernet badar eg i Eva si drakt mellom kvite nøkkeroser og skræmde gjedder. Om kvelden smiler månen gjennom småruta vindauge. Ein mild bris stemmer skogsorkesteret og lullar meg i søvn.
skrik sky mellom luftig skoddedis som ligg lavt over vatnet. Frukost er viktig. Sjølv nyt eg fyrste krutsterke kaffikoppen på terassen balla inn mellom saueskinn og lune pledd, medan "batteria" fyllest sakte men sikkert opp...to spitaki sto dasos =
hytta i skogen
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar