fredag 25. september 2015

FERIE-RAPPORT

Kjensla ved innflygning og landing er alltid magisk. Møtet med varmen ifrå kjøleg skodderegn, er overveldande. Køyreturen frå flyplass til heimstad er rein nytelse. Å bli møtt med opne smil, vide armar og varme velkomsthelsingar, er berre fantastisk. Eg er heime.. Mi gamle, elskelege tante på 93 er smil og tårer. Ho formanar meg strengt at "denne gongen reiser eg ikkje utan at vi har delt eit måltid og eitpar vinglas ilag". Eg lovar, og tenkjer at eg veit ingenting om kor lenge vi har henne iblant oss. Ho kostar vegen framfor porten min "støvfri" og rein, mest kvar dag, noko som utvilsamt held henne i form. Ei velsigna sjel, som eg er utruleg glad i. Eg besøkjer min faste frisør. "Nei no ser du forfærdeleg ut, fia (tante) Anna", flirer ho. "Veit det, har spart alt til deg, gjer noko..." Ho pludrar og klipper. Barnet på 2 år har teke til i barnehage, og dei skal ta til å lære å lese..!Eg er sjokka. Veit at skuledisiplinen er hard, men dette var nytt. Born må få vere born, er vi inderleg samde om. "Akk, fia Anna, du er  slik som du alltid har vore, både utanpå og inni". Eg har levd ei stund og funne mine livsverdiar. Fylgjer ikkje streamen lenger...Nyklipt og nøgd, er eg klar for betaling. Nei og atter nei. Ho nektar plent å ta imot betaling. Eg likar det ikkje, men kjenner den stolte kretiske haldninga, og bøyer av. Dagane vidare fyllest med strandliv, solsyg og salte sjøbad. Herleg. Etter eitpar dagar med dundrande toreskrall, blendande lynglimt og ei syndeflod eg ikkje ofte er vitne til, skin sola atter frå rein himmel som om ingenting har skjedd. Kveldane er lune, stille og månen er veksande. Kontrastfylte, uhøgtidlege og unike Kreta. Er det rart eg elskar denne øya?
αγαπημένη μου Κρήτη/agapimeni mou Kriti = mi kjæraste Kreta

Ingen kommentarer: