BYVANDRING
Med klar og tydeleg forteljarstemme, berettar Aud kvar onsdag ettermiddag, om dei mange epokene Kreta har gjennomgått. Utviklinga frå minoisk stortid til okkupasjon av bysantiske, venetianske, romerske, tyrkiske og tyske stormakter, krydra med artige replikkar, blei levande fortalt av Aud. For ein som aldri har vore historiehekta, blei det faktisk aldri keisamt. Spaserturen gjennom Hania sine tronge, pittoreske gater og smug, utsyn få byen si høgborg til havnekvarter, blei soleis eitpar timars minnerik oppleving. Spekka med inntrykk vart vi tilslutt leia fram til tavernaen THE WELL OF THE TURK, der 2 langbord venta på ein gjeng svoltne og tyrste byvandrarar.
Aud starta byvandring i Hania på eiga hand for nokre år sidan. Interessa blant publikum har auka sakte men sikkert, forståeleg nok, og turen kan herved anbefalast på det varmaste.
www.audoymyr.blogspot.com

Περίπατο στην πόλη/peripato stin poli = spasertur i byen
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar