fredag 29. mai 2015

EI NATTREIS

Eg landar ved midnatt på mi kjære øy. Eg er fyrst gjennom kontrollen. Utolsam. Ei nidkjær vakt stansar meg: Your suitcase? Har ingen, repliserar eg. Why? Eg bur her…elles er det ikkje di sak kva eg har med eller ikkje, men det sa eg ikkje, hasta berre vidare utav hallen. «Den lille hvite» ventar på meg som avtalt, skjønt eg leitar litt før eg finn den. Kretanettene er mørke, men den «vesle» lyser opp i natta, når eg etter kvart får auge på den med mitt aldrande syn. Fyrste gong eg køyrer «jernseng» som Citroen blei kalla før i tida. Men vi finn straks tonen og sig avgårde i austleg retning mot Souda og Rethymnon. På motorvegen held eg mitt eige tempo opp mot farstgrensa og held godt til høgre for å sleppe andre utolsame billistar forbi. Nok av dei. Blinkande frontlys og irritert tuting i ryggen, vil eg helst unngå. Eg har natta framfor meg, ja ein heil ferie, faktisk. Eg nyt det og hastar ikkje. Men hei, kva er dette? Den kvartfulle månen gøymer seg brått, og eit dundrande vassfall frå oven veltar over både bil og veg. Og det veit eg frå før: når himmelen opnar slusene over Kreta, vert Victoriafallene minimalistiske i samanlikning. Rundt neste sving er vegbana turr. Ahh, du kontrastfylte øy, velsigna av gudar!!Dei kjende duftene og ein god havbris driv inn gjennom det halvopne vindauget og  gjer meg salig avslappa. Det er mange månadar sidan sist. Eg sniglar vidare og må svinge unna eit svært bikkjedyr midt i vegen. Stakaren trong kanskje hjelp eller ynskte ein brå død. Ikkje veit eg. Eit stykke vidare hoppar ein annan forvilla skapning ut på asfalten. Bråbrems. Ein søt, liten harepus. Lett forvirra hoppar han fort inn i buskene att. Ved Georgiopolis huskar eg brått eit unikt lite hotell med norsk og venleg betjening. Skal eg stikke innom? Det er seint, men truleg er folk oppe der enno. Ein annan gong, kviskrar eg til den kvite, og vi putrar vidare. Eit nattbad freistar…men det er mørkt. Eg er åleine. Best å dryge det til morgondagen ved dagslys. Ein kilometer frå bustaden finn leigebilen ut at han skal takke for seg. Han vil ha næring, oppdagar eg. Ikkje enkelt. Klokka 01.30 er alle  påfyllstasjonar stengde her. Puuhh, dette burde leigefirmaet vite. Dei skal jammen få høyre det ved opningstider. Kvitingen vert forleten, nesten midt i vegbana, i von om at han får kvile ifred til han får nytt fyll, om nokre timar. Eg er forbanna og tek fatt på siste rest av reisa. Til fots!  
Ειμαι νευριασμενη/eime nevriasmeni = eg er sinna

1 kommentar:

Unknown sa...

Håper du snart skriver mer. Artig gresk-kurs på slutten av innleggene :-)