Denne
junidagen var det utruleg varmt, men ein frisk bris vispar bølgetoppane kvite
på overfarten frå Elounda til Øya. Den same vinden må ha svala dei forkrøpla og
sårfylte kroppane som var forviste hit for 70-80 år sidan, frå den steikande
Middelhavsvarmen. Vintrane var tilsvarande kalde, og eg prøver leve meg inn i
kvardagen til desse menneska som måtte overleve her utan nåde. Sjølvsagt kan eg ikkje det fullt og heilt..men
berre ha ei vag forestilling om at det må ha vore «uleveleg», etter våre dagsnormer.
Mykje har vore skrive og sagt om Spinalonga..det meste kommersielt til eige
bruk. Diverre. Det har vore sagt at
menneska her dyrka sine eigne grønsaker, og levde forsovidt eit greitt liv.
Andre meinar at dei svalt..Uansett leid
dei ei umenneskeleg skjebne, psykisk og fysisk. Eg går vegen kring den
vesle øya, mot nord og klippene. Her kasta fleire seg utfor i fortviling og
håpløyse. Dei vart smadra mot dei kvasse steinane før bylgjene skylde dei vekk,
vil eg tru. Eg går vidare..vinden slit i kleda..det må ha vore kaldt her på
vinterstid, men desto kjølande i den varme årstida. Den anonyme gravstaden er
til å gråte over på fleire vis. Inga minneplate, ikkje ein einaste
blomst…absolutt ingenting..berre gråe sementplater over ein attgrodd kirkegard…
Eg, og
sikkert fleire, har levd i den villfaringa at dei siste leprapasientane fantest
her på denne vesle Middelhavsøya, på 50-talet, langt vekk frå helsegode Norge. Vi
har sola oss i glansen av nordmannen
Armauer Hansen, som oppdaga leprabasillen. Vantru, rørt og litt sint vart eg
derfor då eg las ein avisartikkel at den siste leprasjuke døydde nettopp i
Norge i 2002. Utruleg kva som har vore heldt hemmeleg. Spinalonga har vorte ein
turistmaskin over dei lidande menneskeskjebnene der. Diverre. Kanskje bør St. Jørgens Hospital i
Bergen vere verdt eit besøk også. Og… lepra enno ikkje utrydda… Sjukdomen er fortsatt
utbreidd i Asia og Afrika den dag i dag. 30. januar er forresten den internasjonale
lepradagen.
ΝΤΡΟΠΗ/DROPI = skam
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar