mandag 8. juni 2015

VED "PERLEPORTEN"



-Mest som å banke på perleporten, for å få avgjort si skjebne, dette, vitsar eg til mi gode veninne. Ho bankar hardt på den anonyme og rustne jerndøra som er inngangen til eit gammalt kloster. Vi har ein avtale med kvinna som har kjøpt klosteret og gjort det om til sin eigen heim. Ho kallast også Anna. Dama har ei leiande stilling som barnelege på eit stort sjukehus på øya. Som hobby stiller ho horoskop. Steg høyrest innanfor, og porten glir til sides. Ein pittoresk inngang dekorert med ymse fargerike planter i vakre krukker og ei skeivtrakka, men solid steintrapp, opp mot privaten, gir straks ei god kjensle. Dama er blid, ferm og fargerik. Ho ynskjer velkomen gjennom ein grå aura av sigarettrøyk. Privaten er møblert i ein uvøren, sjarmerande stil. Eg merkar meg særskilt ein halt sofa som er oppstødd av ei tjukk bok av Kreta sin store son, Nikos Kazantzakis. Ingen er heva over andre her, tydlegvis, akkurat som i den godaste Kazantazkis si ånd. Eg likar det. Perfeksjonisme = kompleks. Denne dama er blotta for det. Litt prat om ver og vind og klosteret ikkje minst, før vi kjem til saka. Eg ser straks at datoane mine er heilt feil innplotta. Hm, dette lovar ikkje bra tenkjer eg. Nye korrekte data og ukjendte teikn kjem etter kvart fram på skjermen, og  ho fastslår: - ingen tvil kven som er kolonnen i familien her, og du har ein jobb som har med mange menneske å gjere. Neei, nei, totalt feil, protesterar eg. Heimeverande og lite omgong med andre menneske. Ho stirer på meg ei stund over brillene før ho spør: Sei meg, skriv du? Ja, det gjer eg. Aha, DER har vi det!! Eg vert stum. Dette besøket gløymer eg aldri.  «Seansen» skjedde for mange år sidan og familiekolonna har i ettertid fått mange djupe hakk og riper. Ein stor, viktig del har også ramla av. Like fullt står kolonna enno, og vil vonleg halde seg oppreist nokre år til…
Η κολώνα του σπιτιού/I kolona tou spitiou = kolonna i huset

Ingen kommentarer: