..om eit
lode oransje kattedyr som etterlet seg ram odør ved trapper og inngangsparti.
Den lysoransje har blitt observert på markeringsrunda, og tvilen kjem absolutt
ikkje den mistenkte til gode. Matmor kjendte eit sterkt samvetskval og måtte
berre legge seg flat og orsake på gamle Eirik Lyseraude sine vegne. Sjølv vil
han neppe gjere det. Skulle tru vårlystene minka med alderen, men nei, ikkje i
denne kroppen, iallfall. Og underleg nok vert han elska og ynskt kjærkomen heim
etter utfluktene. Då er han matmors beste barn. Men vi skjønar at krig og
brunst er ein lidenskap hjå Lyserauden, og ingen dyrepsykolog kan hjelpe. Han vil stå på til «the bitter end», når no
det måtte bli, for han har iallfall minst 9 liv.
Σιγνωμει/signomi = orsak

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar