mandag 2. mars 2015

SLALÅMKØYRING

Northugen er verdens beste skilaupar. Sjølv tek eg til å bli ein habil slalåmkøyarar, utan samanlikning for øvrig. Eg har nemleg ikkje hatt ski på føtene siste 20-30 åra, og det har si naturlege forklaring som ikkje trengst nemnast her. Like fullt meinar eg å meistre slalåmkøyring utruleg bra. Med bil. Eg styrer unna hindringane dvs. kratera i vegen, på ein meisterleg måte. Løypa, les vegen, som eg forserar dagleg, har gjort meg bortimot profesjonell i slalåmkøyring. Eg svingar unna holene på eit mest utspekulert vis, til høgre, venste, midt etter og litt utafor, alt ettersom…og stygt å seie: men singelen som innimellom vert nytta til fylling av kratera, vert fort kasta bort, laaaangt utafor vegen, når eg og andre tek laust i løypa.  Men for all del, ta det no ikkje ille opp, kjære kommunevegansvarleg,  kven du no enn er. Eg hatar å såre folk og vi som færdast i denne løypa, ja for eg er ikkje åleine, tek det med masse humor, og minner kvarandre på at «det er alltids nokon som har det verre». Motto:  tut og køyr…(kring) pytt og pytt!!
ΔΡΟΜΟ/DROMO = veg

Ingen kommentarer: