Kvar gong
eg høyrer Sivert Høyem sin «Prisoner of the road», får eg ei vandring på Gavdos
for nokre år sidan, tydeleg fram i tankane. Eg hadde vore på Gavdos eitpar
gongar før. Øya fasinerte meg, og ilag med eitpar veninner bestemte vi oss for
å utforske denne vesle forblesne, ukjendte og forgløymde øya. Mottakinga sidan
sist var heller lunken. Ein flokk frå Georgia hadde visstnok overteke
roomservice o.a. på øya, men kunne ikkje
kommunisere verken på engelsk eller gresk, og
drog geipen meir
ned enn opp, noko som
mildt sagt førte til ein del irritasjon. Opphaldet vart likevel
uforgløymande på fleire vis. Gåturen frå Korfos blei som ei slags pilgrimsvandring…
for meg. Vi starta sein formiddag og fekk værste middagsheiten over oss i eit
bratt terreng. Stien var godt merka og vi gjekk på med godt mot. Lange aude
strekningar utan skugge, berre vår eigen, i ein utmattande varme. Men vi gjekk
og vi gjekk, tidvis saman, stundom åleine. Mange tankar kom og gjekk, og eg
fekk ein slags visjon om korleis det må kjennest å vere flyktning. På evig
vandring, utan mål mot ei uviss framtid. Vi hadde heldigvis eit mål. Tripiti. Sydlegaste punktet i Europa, med
avkjølande sjøbad og ei kvilestund. Dernest satsa vi på eit måltid i Visiana. Komen
på toppen av øya, etter ein hard motbakke, møtte vi fyrst eit gedigent svart
svin i skuggen av eit tre. Landsbyen låg elles daud, og solide hengelås stengde
inngangen til den einaste matstasjonen. Svette og utsletne seig vi ned på ei trapp og tømde siste dråpen i vassflaska.
Ei gammal kone dukka opp og forklarte at, ja, alt var stengt her no. Ho synte oss
likevel velvillig ei geiterås ned mot havet. Vi kom omsider fram til ein einsleg
taverna med både god mat og drikke.
Men flyktningkjensla heng enno i, når
eg høyrer «Prisoner of the road»..
ΜΙΑ ΒΟΛΤΑ/MIA VOLTA = EI VANDRING, TUR
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar