lørdag 14. februar 2015

AVSTAND

Alltid kjekt å få kontakt med gamle kjendte. Ein mimrar attende, lurer på korleis det gjekk den og den i livet, utvekslar tankar og opplevingar sidan sist. Hurra for Facebook i so måte!! Sjølv synest eg det er fint med avstandskontakter. Ynskjer ikkje alle og einkvar innpå livet, sjølv om dei var mine tette vener for 20-30 år sidan. Vi endrar oss alle i ulike leier i takt med kjemien. Slik ser no eg det etter kvart. Kall meg sær eller usosial, om du vil. I min alder vil eg velje: kven som skal stå meg nær, nærmast og litt fjærnare. Fred og harmoni prioriterar eg høgt etter kvart på slutten av livet….og det har eg funne no.
ΜΑΚΡΙΑ ΚΑΙ ΚΟΝΤΑ/ MAKRIA KE KONDA = fjærn/langt vekke og nær 

Ingen kommentarer: