BLYANT OG PENN
Trur det må
vere omtrent 30 år sidan sist eg drog blyanten over teiknearket. I dag gjorde eg
eit forsøk på ei rask skisse..og likte det. I oppveksten var det teikning og
lesing som opptok meg. Gråblyant på gråpapir. Skulebiblioteket, med
spenningsromanar av Jules Verne og
Ashehoug sitt tjukke eitt-bandsleksikon med svart/kvitt bilder som opphavet
hadde investert i, var ei kjelde til både draum og sann læring. Ja for eg hadde
ein draum: å bli kunstnar. Eg kom aldri innom dei tunge ærverdige dørene på
SKHS, berre som elev på eitpar kurs i akt og croquise. Menneskekroppen er
vanskeleg å forstå, både sånn og slik. Iallfall å feste den rett på papiret. Eg
gav opp og skjøna at kunstnar ville eg ALDRI kunne bli. Blyanten vart lagd på
hylla. Gøymd og gløymd. Pennen kom fram i staden. I lediger stunder vart den ein
god ven for tankar av ymist innhald. Når no blyanten datt nedatt frå hylla og
kanskje vert ven med pennen…kjenner eg at ringen tek til å sluttast.
Tο μολύβι και το στύλο = to molivi kai τo stylo = blyanten og pennen
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar