Heile året via til friluftsliv? Ja, kvifor ikkje? Ein god ide, kven det
no var som kom på den. Ihuga friluftsmenneske har eg vel aldri vore, skjønt
gode turar, helst på flatmark, set eg stor pris på.Eg prisset det meir enn
svett og stress i eit innestengd muskelstudio. Allverdas diettar og
kaloriforbrenneri i eit sjølvdiggande treningskaos, er ikkje noko for meg. Å vere sjølvvalgt
uteliggar har sin sjarm. Eg veit det, frå den tida eg reika rundt på Kreta
sine endelause strender som backpacker. I yngre dagar tolte ein so ymist. Å
vakne med sand mellom tennene,raude
myggstikk, skvetne firfisler og kanskje ein sovande skorpion inni posen,
jau det var berre artigt og eksotisk. Morgonbadet tok vi rett i salte havet,
sjølvsagt. No likar eg best senga mi, med ope glas, året rundt. Blåsten kring
husnovene, fuglekvitter og andre dyrelyder sullar meg i svevn..og vekkjer meg.
Friskt og friluftsaktig.
Στην εξωχή/stin exogi = i friluft
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar