tirsdag 9. desember 2014

VERDT Å LESE


Som før nemnt er eg ingen krimelskar. Boka til Trude Teige pirra likevel mi nyfikne med emne frå bedehusmiljøet i nærkrinsen. Og spanande blei det. To kveldar brukte eg på boka og set at med eit inntrykk av at det mørklagde emnet diverre enno er aktuelt. So  ære vere ein lokalkjend og dyktig forfattar, som dreg dette fram i lyset. Fanatisme i religion og ideologi er nifst.  Ein innbiller seg at slikt høyrer Middelalderen til, men nei, i enkelte miljø er det høgst levande og tilmed aukande. Utruleg nok. Makt og manipulering i religionens namn er avskyeleg. «Jenta som sluttet å snakke», er herved anbefalt.


ΝΑ ΤΑ ΔΙΑΒΑΣΕΤΕ/  na ta diavasete = bør lesast

Ingen kommentarer: