Eitpar
lesarar har etterlyst vår godaste Eirik Lyseraude. Vel her er han!! Pelsen har
grodd seg fin og tett etter ein naudsynt klipp av ville flokar. Litt halt på høgre framlabb, ei
auge som renn og noko tungpusten, men i godt «humør» og særs koseglad. Ikkje anna å forvente av ein dreven krigar.
Men voven som kom til gards i haust likar han dårleg. Det vart liksom eit anna
klima i heimen.
Vel,vel, han helser med eit murrande atterhald, og
ryggar ikkje om dogen kjem for nær. Hunden er kontaktsøkjande , men stikk han
nasen for nær får han smake ei kvass klo, og den er ikkje god. Vi har bevitna nokre hyl. Men gjensidig
respekt og avstand har begge lært etter
kvart.
ΕΙΜΑΣΤΕ ΦΙΛΟΥ/eimaste fili = vi er venner
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar