onsdag 1. oktober 2014

Siste vekers lesning..

Når ein lever seg inn i ei bok, kjenner seg att, får ei god oppleving og kanskje lærer noko nytt, har historia  «nådd fram» og fenga deg heilt inni hjarterota. Siste vekene har eg lese 3 bøker frå Hellas og Kreta. Den som greip meg mest var  NÅR SYPRESSENE HVISKER/ Yvette Manessis Corporon. Ei nydeleg historie om ubetinga kjærleik mellom ei fattig gresk yiayia og barnebarnet som har vakse opp i USA med strenge greske foreldre. Daphne må ta livsviktige valg..og klarer det. Gresk mytologi og historie er fint innfletta. Luktene, smakane og fargane er ypperleg formulert. Jau eg kjenner meg att..

For krimelskaren anbefalar eg Smådjevlane/Anne Bergset Oikonomaki

Mykje spenning frå kjende stadar på Kreta. Set att med ei kjensle av at ein del ting og stadar treng «dagslys». Den er på nynorsk. Flott av forfattaren, eg likar det!!
JENTA UNDER OLIVENTREET av engelskeLeah Fleming, er også vel verdt å lese. Forfattar vekslar mellom notid og krigstid. Hovudpersonen skuar attende på ei turbulent tid som sositetsdotter i England til  Røde Kors-medarbeidar i Hellas og etter kvart Kreta, under siste verdskrig. Ei flott story om vilje, mot og ungdommeleg trass for å oppnå det ein trur på.

MOU ARESI AFTO TO BIBLIO/ ΜΟΥ ΑΡΕΣΕΙ ΑΥΤΟ ΤΟ ΒΙΒΛΙΟ=EG LIKAR DEN BOKA



Ingen kommentarer: