Kommunen har
innført eigedomsskatt. Ei syrgeleg, men heilt anna historie. Kommunen har også
fått kjøpe 144 m2 av min private eigedom for kr 1872,- . Innløysing av
veggrunn, kallast det. Mandag 14.07. var
det tid for årets kommunale kantslått. Ja, for sovidt eg har opplevd tidlegare
år, er dette eit eingongs-fenomen kvar sommar. Men gras og tre veks fort, også
langs vegkantane, til stor hinder for både trafikk o.a. Alle vi som har ei lita
plenbot å stelle, veit at det må klippast jamt heile sommmaren for å halde
veksten nede. Eg hadde sett fram til kommunen sin årlege kantklipp, men akk kor
skuffa eg vart, i år. Eg stod og såg korleis den effektive klippemaskinen elegant
lyfte sin regulerbare arm over kommunen sin
nyerverva eigedom, som altså ikkje lenger min, og fortsette vidare sin slette slått.
Ja, for vakkert arbeid vart det, med skam å melde, ikkje. Mykje kantgras blei utelete. Både her og der. Dersom maskinene ikkje når til, eller klarer ta alt som takast bør, må ein ta sakene manuelt. Vi kan gjerne gjere det sjølve, slik vi har gjort åra før..mot eit kommunalt honorar, isofall.

OXI KALI
DOULIA/ΟΧΙ ΚΑΛΗ ΔΟΥΛΙΑ
= IKKJE BRA ARBEID
= IKKJE BRA ARBEID
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar