Eg set i kråa
mi, strikkar, tenkjer, ser på blomstrane, lyttar til humlene, fuglane, vinden,
bekken som sildrar…og skriv. Rein sælebot for meg. Ein fantastisk sommar er på
hell. Sunnmøre har fått synt seg i all sin vakre skrud. Dei fleste av oss er
nøgde og kan møte haust og vinter med fullada batteri. Eg kjenner meg utruleg
heldig. Berre 3-4 timars flyreise herifrå lever born og vaksne i stendig angst
for liva sine. Eg klarer ikkje skjøne at vi ikkje er komne lenger med å
formidle kjærleik, fred og forsoning, som er det viktigaste av alt, og som
bortimot alle menneske søkjer, uansett rase og religion. Men kva veit eg, her i
mi trygge, vesle krå, om politikk på høgt nivå, der berre makt og økonomi rår,
og menneskeliv er eit underordna tema.
APO TI MIKRI
MOU GONIA/ΑΠΟ ΤΗ ΜΙΚΡΗ ΜΟΥ
ΓΩΝΙΑ
=
FRÅ MI VESLE
KRÅ
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar