Min avlidne svigerfar sitt stolte livsverk ligg no brakk.
Ein fleire måls stor vingard som han hegna om og ivaretok med tolmod og
kjærleik. Tistel og ugras tek fort over her, men kan også lett bekjempast om
ein har rette redskapane og interesse for å dyrke jorda. Vår eigen vesle
vingard, nedfor huset vert pløgd og stelt av min gode svoger. I desse dagar har
eg overteke finarbeidet. Bittesmå drueklasar er i emning og nysprotne skot må
knekkast i 3. ledd over fruktene for å gi kraft til
avlinga. Dette, og mykje anna, lærte eg av mi kjære svigermor. Og sauene
kosar seg med saftiggrøne avknekte
vinblad. Νabohønene, som går
fritt sjølvsagt, får kjøkenavfallet mitt, og kvitterar med varme, brune,
smakfulle egg. Εg plukkar
aprikoser, moreller og plommer frå tre som
slett ikkje treng noko stell, og noterar at fikentrea vil bere mykje frukt i
august. Heile året er fruktbart her på Kreta. Vårherre har i sanning vore raus
då Han skapte
denne unike øya.
ABELI = VINGARD, STAFILIA = DRUER
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar