onsdag 18. juni 2014

HOTELL MED SÆRPREG

 I ein liten døsig fiskarlandsby mellom Hania og Rethymnon, har Jo Fjær funne sitt jordiske paradis. For 6 år sidan kjøpte trønderen eit utrangert hotell i eit fredsommleg hjørne av Georgiopolis og forvandla det til eit lite greskmytologisk slott med spennande detaljar frå Orienten. «Litt dristig kanskje i min alder, fortel han ettertenksam, pluss at det var på den tida at den økonomiske krisa slo til…men angra har eg ikkje gjort», slår han fast. Det har han heller ingen grunn til, etter mitt skjøn, det står stor respekt av valget han tok,  og det han har skapt. Gjestane kjem ofte igjen. Diverse tema/aktivitetar står på planen: biljardveke, dansekurs og greskundervisning for nybyrjarar av Anne Bergset Oikomanaki frå Stryn ( forfattar av Smådjevlar, frå Samlaget med masse stoff frå Kreta). Hotellet er absolutt verdt å anbefale for barnefamilier og andre som søkjer ein fredens plett litt utanfor, men dog nær sentrum, av Georgiopolis. (www.mythologiahotel.com
                                      
KSENODOHIO = HOTELL




1 kommentar:

Gunn Irene sa...

Har nettopp bodd på Mythologia og deltatt på mindfulness & Mediyogakurs, som arrangeres 2 ganger pr. år.
Nydelig sted, hotell og atmosfære! Dette var virkelig fantastisk for kropp og sjel! Takk kjære Jo, for ditt gode vesen! Du og dine medarbeidere er supre!;)
Gunn Irene, Trondheim:)