I dag har eg møtt ei veldig kjekk dame, Aud Øymyr,
ho som bloggar om kvardagslivet på Kreta. (www.audoymyr.blogspot.com) Vi har
hatt kontakt ei stund, men ikkje møtt kvarandre før i dag, i Rethymnon. Og vi
hadde jammen mange opplevingar å dele, mykje privat, noko politisk og elles
ting og tang som opptek nordmenn som lever på Kreta. For meg var det givande,
og eg syntes vi fekk ei framifrå kontakt. Våre liv her på øya har vore ulike.
Aud har budd mest i by, eg har budd i landsby. Men at vi har vore sterke, uthaldande
og hatt uvanlege liv, ja det var vi særdeles samde om. Vi skulle ha skrive bok,
og det har eg faktisk tenkt på lenge, men tida får vise…Takk for ei kjekk stund,
Aud!
MIA POLI KALI STIGMI = EI VELDIG FIN STUND
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar