Busett i ein kretisk landsby er det forventa å ha m.a. sin
eigen vingard og krevatina (drueoppheng utfor døra), olivenlund, kjøkenhage,
samt eit visst utvalg av husdyr som geiter, sauer, kaniner, høns og anna
fjørkre. Har du gris er det eit ekstra pluss. Hund og katt er sjølvsagt, men
ikkje medrekneleg sidan dei ikkje kan
etast. Busett i Norge saknar eg absolutt sitrontreet og det å kunne hente
diverse urter og grønsaker rett utfor døra. Mitt sitrontre vart kjøpt frå ein
tilfeldig gartnar, ein stad utafor Chania.
I 1987, synest eg å huske. Treet blei planta rett utfor kjøkendøra og
innemura i ein eigen trase. Vi gledde oss, og såg fram til grøda vi skulle
hauste. Stor blei ståheien då svigerfar
fann ut at treet var planta på minkande måne!! Ikkje ante vel eg noko om at minkande og veksande
himmelplanetar avgjorde voksteren på
ting og tang her på jorda. Husbonden var litt informert, men tok det ikkje so
høgtidleg. Treet vil AAAALDRI bere frukt, var den dystre spådomen vi fekk.
Uansett, treet blei ståande…og eg kan love deg at ALDRI har eg sett eit meir
fruktbart tre. Året i gjennom har det blomster som duftar ubeskriveleg, grøn kart
og gule modne sitronar med fantastisk smak. Treet har mest vorte ei
seieendesegn i landsbyen…det ber alltid frukt. Er det rart eg er glad i dette
treet og saknar fruktene og blomeangen utfor døra?
I LEMONIA = SITRONTREET, LEMONI = SITRON
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar