I lokalavisa las eg forrige dagen ein artikkel som
mildt sagt gav meg «bakoversveis». Ein helseguru har vitja Hareidlandet og har bagasjen full av forhandsbestilt lavkarbomat
til ivrige tilhengarar av dietten han forkynner. No har vi vorte van med
diverse endringar og motsetningar om kva som skal vere sunt og ikkje, å stappe
inni munnholet, men det som her blei presentert tok «kaka», etter mitt skjøn.
Høyr berre og merk deg motsetningane.
Vi skal
kutte melkeprodukt, men meiske oss med godt smør. Er ikkje smør eit indirekte
melkeprodukt? Vi skal ete loff istaden
for grovbrød.Kvitt mjøl og sukker er fy-fy. Ingrediensane i loff er nettopp
kvitt mjøl og ein del sukker. Frukt og bær er heller ikkje bra. Bær er faktisk
dei viktigaste antioksidant-kjeldene vi har. Og sei meg kvar skal vi få
fiberinntaket ifrå, som er så utruleg viktig for eit fungerande tarmsystem? Om
ikkje tarmen vert tømt er vi iallfall disponerte for både overvekt og
sjukdomar.

Planteoljer er heller ikkje in lenger, jau, forresten: oliven- og
rapsolje er visst OK. Eg pustar letta. Berre tanken på å kutte olivenoljen i
vårt daglege kosthald ville ha gitt min greske halvpart trippelt hjarteinfarkt.
Sannsynlegvis ville det koste for mykje, samt føre til tap (ja for dette er
kommersialisme på høgt nivå) å ta diskusjonen smør kontra olje med
olivenindustrien. Korn, potet og andre grønsaker som veks under jorda, som
nordmenn har overlevd på i generasjonar er ikkje genetisk tilpassa mennesket, les
vi. Har du høyrt på vrøvl? At ein person
har hatt helsegevinst av denne lavkarbomenyen er ingen garanti for at andre
skal få det. Vi er alle forskjellig konstruerte og somme er meir utsette for
sjukdom enn andre. Dette er også genetisk betinga. Skiftande diettar til eikvar
tid kan også føre til spisevegring, noko som er like alvorleg om ikkje verre
enn fedme. Variasjon og måtehald, samt å kose seg med maten, er viktig. Psyken
spelar faktisk også inn, viser forskning. Matinntak under press og stress er ofte
ein utegløymd faktor angåande vektreduksjon. Vi har også eit ansvar som
forbrukar å vere kritiske til matprodukt, ved å sjekke innhald som har
skadeverknadar. Kunstige tilsetningsstoff til dømes. Sjekk E-tabellen, dess
høgre tal, dess farlegare stoff. La oss bruke sunn fornuft, gle oss over maten,
ikkje minst den gode norske, og ikkje fylgje trendar som motseier seg sjølv med
jamne mellomrom.
TI THA FAME? = KVA SKAL VI ETE?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar