Sidan eg nærmar meg 100
med raske steg, fann eg ei høveleg bok på biblioteket som eg vona kunne gi tips
og muntring om korleis leve i høg alder. Å lese Hundreåringen av Jonas
Jonasson, gjer at ein nesten ser fram til å bli olding. Ein kan enno ha eit
spanande liv og ha mykje moro med at andre
reknar med at ein ikkje lenger er tilrekneleg. Skjønt eg satsar på eit litt
rolegare tilvære i 80-90-åra enn Allan i den nemnde boka. Enkelte meinar at livet er bortimot slutt ved
fyllte 50. Ein er utrangert
både på arbeids- og datingmarknaden. Livet har ikkje so mykje meir å by på enn
vona om ein høg pensjon for den heldige som trufast har jobba seg fram til det.
Då, ved fylte 67, eller der omkring, kan ein reise sørover mot evig sol og
varme, drikke vin og elles lene seg attover med godt samvet. Vi som har hoppa
av jobbkarusellen, innimellom, fostra
born og stelt heimen, får ta det vi får. Heldigvis har vi ikkje dei høgste
krava i tilværet. Dessutan er livet det ein gjer det til, seiest det. Langt på
veg sanne ord…
PANE TA KRONIA = ÅRA GÅR
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar