..i alle desse åra eg var busett på Kreta? Enno får eg tidvis spørsmål frå framande kring
privatlivet mitt.
– Korleis traff du mannen din? – Korleis er det å vere gift med ein grekar? Kva gjorde du eigentleg der nede? Ein spør ikkje folk heromkring slike spørsmål, eller? Å vere gift med ein grekar er vel hverken verre eller betre enn å vere gift med ein kva som helst mann, vil eg tru, utifrå andre kvinner sine synspunkt kring ekteskapet. Sjølv har eg ikkje andre ekteskapsrøynsler enn med denne eine mannen. Kva gjorde eg so i desse åra? Eit provoserande spørsmål når folk veit eg har fostra 4 born i ein ganske primitiv landsby i eit framandt land. Vel, fyrste åra jobba eg hjå ein skiltmakar for ei luseløn, og hjelpte dessutan til på familien sin eigen taverna. Heimearenaen var også stort sett mitt ansvar. Barneflokken vaks, omsut og ansvar likeså. Barnehage? Jau det fantest, men eg var snar å ta 2-åringen derifrå då eg skjøna at fysisk straff var vanleg i oppseding av greske born. Eg fekk null medhald og sympati frå nærkretsen, og bestemte straks at borna skulle eg sjølv ha ansvaret for. Husbonden jobba seint og tidleg. Han gav kundeservice ei ny meining og lyfte det til uante høgder, der familien kom i 2. rekke. Men vi skulle som sagt overleve, og småborn/heimestell fungerar som kjent dårleg på autopilot. Alle nidkjære husmødre veit også at yrket ofte er ein uforutseibar 24-timars jobb utan løn og opptjening av pensjonspoeng. Likevel drog eg i hus ei minimal inntekt kombinert med heimeveret på diverse skribentverksemd, norskundervisning og vask/klargjering av eit utleigehus. Åra gjekk fort og eg har forlengst ramla av lasset i yrket eg utdanna meg til. Om eg angrar? Nei!! Ting kunne ha vore gjort annleis, men desse åra ville eg likevel ikkje ha vore foruten.

TI EKANEIS? = KVA GJORDE DU?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar