FERIE
 |
Gavdos |
Hektiske arbeidsdagar dempar skrivelysta. Fridagar,
rolege formiddagar og stille i heimen gir ny skrivegiv, samstundes som lengten
sørover stig proporsjonalt med sola. Ferieplanen er halvvegs i boks. Som før
planlegg eg alle stadane eg skal innom, men kvar gong vert eg hefta, eller eg
rett og slett orkar ikkje. Det er for godt å berre ta livet med ro..i ferien,
og eigentleg er det vel derfor vi har ferie? Kreta har mange, fantastisk
flotte, for meg, enno uutforska plassar.
 |
Spinalonga |
Eg vil til Krissi island, Gramvoussa
og Santorini i år. Eg har vore 3 gongar på Gavdos, europa si sydlegaste øy. Backpackeren,
nudisten og bohemen si øy på godt og vondt. Spinalonga har eg besøkt 2 gongar. Den
vonde historia vil for alltid henge over denne vesle holmen i Eloundabukta. I
sterk kontrast har Elounda for øvrig vorte kjent som eliten sin luksuriøse feriestad.
Santorini besøkte eg ein gong på 70-talet og tida er
inne for ein ny tur. Her er det svindyrt, seiest det, men likevel verdt eit
besøk. Frå Kreta går det båt dit fleire gongar i veka. Kvifor har eg ein
dragning mot øyar, forresten? Har ofte lurt på det. Fordi eg kjem frå ei øy?
Kanskje.. Hellas er iallfall eit tusen øyars land og utruleg spennande å
utforske i så måte. Iflg. Smp. av 17.02., vil 300 000 nordmenn besøke
landet denne sesongen. Det er bra for folket som i stor grad er avhengig av
turismen. Sykkel- og fotturar sel mest, står det å lese. Her har Kreta mykje å
by på. Vil tru at ingen gresk øy er so variert og kontrastfyllt som nettopp
Kreta. Vi gler oss…
DIAKOPES = FERIE
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar