tirsdag 31. desember 2013

VALGÅRET

Nei, eg tenkjer ikkje på Stortingsvalget. Eg funderar over andre valg som både eg og andre tok i dette året. Dei store livsvalga og konsekvensane som fylgjer med, for både oss sjølve og andre.  Og valga vi ikkje får, som å fødest inn i dette livet, sjukdom, alderdom og til slutt død. Somme kallar det skjebne eller karma og at ting er forutbestemt. Vi er her på jorda for å lære….Eg veit ikkje, men det høyrest logisk ut. Ein nær kollega valgte i dette året døden framfor livet. Ein annan nær bekjent fekk ikkje velge. Ho hadde heilt sikkert valgt å leve. Ei anna høgare makt valgte å ta henne bort og vekk ifrå dette livet. Sjølv tok eg  også eit alvorleg valg i dette året. Eg korrigerte det seinare…Viktige livsvalg vil ofte gi store bylgjer og drastiske fylgjer for oss sjølve, men også andre. Uskuldige. Nære. Anten vi likar det eller ei, er vi ei samanhekta lenke av menneske på denne jord, og vi er ikkje sterkare enn det svakaste leddet...Valgåret 2013 er straks historie, måtte det nye året 2014 bli året der alle gode ynskjer vert oppfylde :
KALI KRONIA!! GODT NYTT ÅR!!

Ingen kommentarer: