onsdag 4. desember 2013

VINTERMAT

Ikkje visste vel eg kva linser og bønner var, før eg busette meg på Kreta. Men eg fekk fort smaken på belgfrukt, eller ospria, som er det greske fellesnamnet på bønner og linser. Sjølve Krunamåltidet, som vi seier på Sunnmøre, var Koukia. Når min kjære svigerfar banka på døra og rekte meg eit toppa fat med koukia, vart eg overlukkeleg. Han visste det, og mat var for han ei av dei største gledene her i livet, som han med stort hjartelag delte med andre. Med ein dasj olivenolje, ein halv skvisa sitron over, rå lauk, oliven og eit lite glas husvin attåt, blei dette for meg eit realt krunemåltid. Ospria er vintermat på Kreta. Linser og bønner i fleire variantar er både billeg, næringsrik og smakfull mat. Feriekofferten min var ofte lasta med ulike bønner og linser, heilt til eg oppdaga Asiabutikkane i heimdistriktet. Her fann eg eit stort bønneutvalg, og prisen er mykje lavare enn t.d. helsekostbutikkar. På nettet finnst eit utal bønneoppskrifter. Vel verdt å prøve!!

FASSOLES KAI FAKES = BØNNER OG LINSER, 
KOUKIA = BREIBØNNER/BONDEBØNNER

Ingen kommentarer: