mandag 2. desember 2013

ALLE VILLE VETTERS VER



Siste dagar ogveker har det regna trollkjerringar, tolleknivar og eg veit ikkje kva..Alle ville vetter tykkjest vore lause. Eg har vore vitne til ein heksedans og eit trollinferno utan like, utfor stoveglaset. Den store vindmannen har drege anden fleire gongar, og lurt oss til å tru at det omsider vart stormstille, før han med all si trolldomskraft har blese ut eit nytt stormpust der forrige storm var som ein mild sommarbris, i samanlikning. No likar eg levande natur. At jord,  luft og vatn pustar og rører på seg. Stillstode over lengre tid er keisamt og lite utfordrande. Årstider og verskifte er eigentleg fasinerande. Sånn sett er Sunnmøre eit unikt distrikt, der vergudane byr på spanande sceneskift når ein minst ventar det.    

POLI AERAS = STERK VIND, FORTUNA = STERK VIND TIL HAVS                                 

Ingen kommentarer: