
Dagen i dag, 6. desember, er Nikoloas namndag i Hellas. I
Norge kallast dagen Nilsmesse.
I den greskortodokse religion er Ag. Nikolaos ein høgt akta
helgen. Men ikkje alle veit at han var fødd i Patara i Lykia, noverande Antalya
i Tyrkia. Foreldra var Eufemios og Anna. Far var svært velståande, men Nikolaos
synte seg svært from frå han var barn og blei vigsla til biskop i Myra i år
300. Foreldra døydde i pest og Nikolaos arva ei stor formue som han gav bort
til dei fattige. Herifrå kjem legenden om julenissen, Sankta Claus.
Mange soger og mirakel er knytte til den heilage Nikolaos.
Han metta sveltande, hjelpte uskuldig dømde, fattige studentar og kvinner frå prostitusjon. Mest kjend er han
likevel som skipbrotne sin redningsmann. Ag. Nikolaos døydde 6.desember, året er uvisst, men ant.vis mellom 345 – 352. Ser
du kirker nær sjøen i Hellas, er dei heilt sikkert vigsla til Ag. Nikolaos.
Nikolaos er eit velkjent gresk namn. Kvinnevarianten er
gjerne Nikoletta. I nær familie har vi 3-4 Nikoer/-line som feirast i dag.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar