fredag 4. oktober 2013

MARIANNA OG URTENE



Eg har besøkt Marianna i Maroulas. Denne vakre venetianske landsbyen,du veit, med minoiske minner, som ligg i høgda søraust for Rethymno. Det er lenge sidan sist, og Marianna har fått nye lokaler til venstre for kirka, som står midt på den vesle Platiaen. Eg finn henne straks og gjensynsgleda er stor for oss begge. Marianna blei enke for ikkje so lenge sidan og har 2 halvvoksne søner som står framfor utdanning i dagens kriseramma Hellas. Ho klagar ikkje, stolt som grekarar flest, men det skin likevel igjennom at ho har det tøft både økonomisk og elles. Ein treng liten fantasi, eigentleg, for å skjøne det. Marianna veit alt som er verdt å vite om kretiske urter. I over 20 år har urtene vore livnæringa hennar. Ho plukkar, reinskar, sorterar og foredlar plantene sjølv, utifrå eldgamle oppskrifter som ho nitidig har studert. Ho nyttar mandel- eller olivenolje som base i oljane sine. Alle produkta er sjølvsagt utan kjemiske tilsetningsstoff. Ellen Bye, (Klarsynt rådgiver og Krystallhealer med kontor i Kulturhagen, Asker), oppdaga for eitpar år sidan Marianna sine unike produkt. Ho lovprisar dei, sel vidare til spesielt interesserte, og  får mange gode attendemeldingar på Ceralfi beewax, som er god for skrubbsår, herpes, men nyttast også som ansiktskrem. Sage-, Lavendel- Rosmarin- og Bergamotteolje har også gode verknader som nordmenn set pris på. Kik nærmare på Marianna si nettside. Sjølv, seier Marianna at ho har ingen favoritt. Ho ser på plantene som Vårherre si gåve, og at ho er privilegert som kan dele dei til beste for andre menneske. Ho vedgår likevel med eit smil, at Rosenoljen er etterspurd. Sjølv skal eg m.a. no teste ut 50+teen…Og eg anbefalar at du kikar innom www.mariannas-workshop.gr, eller tek kontakt med Ellen Bye, ellenbye1@hotmail.com, tlf. 93636496,  for meir info/bestilling. Skal du til Rethymnon eller omegn, er både Marianna og den historiske landsbyen, Maroulas, vel verdt eit besøk. Anbefalt!!
VOTANA = URTER

Ingen kommentarer: