mandag 23. september 2013

MORBID HUMOR

Familie og slekt er samla på gravlunden for å minnast svigers sin bortgang for 5 år sidan. Presten preikar og folket korsar seg. Alt er overstått på under halvtimen. Vi helser og snakkast oss imellom. Nokon tek til å vitse om kvar dei skal kvile når den tid kjem. Døden er eit naturleg emne her.  –Du då, Anna, har du ikkje bestilt deg eit kammer enno? Dei veit vel at eg ikkje er ortodoks. – Nei, eg skal ikke ligge hverken her eller der. Eg skal sveve med vinden som bles ein dag nordover og ein annan dag sørover til evig tid…Kremering er utenkeleg og tabu i den gresk-ortodokse religion. -Ingen skal ha utgifter på min avlidne lekam. Berre… vonleg, gode minner.  Alle lær, og synest det er ein god vits. Grov morbid spøk er populært. Og humor er viktig…


 PLAKA = SPØK

Ingen kommentarer: