Åleine i residensen eitpar veker kjennest både godt, rart og
litt einsamt. Godt fordi eg slepp ta hensyn til nokon, berre meg sjølv. Rart
fordi det er uvant å ikkje ta hensyn
til andre enn meg sjølv. Kjenner meg egoistisk, skjønt eg veit eg har fortjent
det. Einsemda kjem krypande når det brått ligg 14 tome dagar framfor ein.
Aktivitetslammelsen slår til for fullt. Heldigvis varer den berre 2-3 dagar,
noko som visstnok ikkje er uvanleg når skuldrar skal senkast og kroppen skal stillast
om til feriemodus. So er eg gong: familie og slekt skal vitjast. Vener skal
treffast. Handling, marknad, og ulike
ærend i byen. Men ikkje minst må lekamen
pleiast med ei viss kvote strandliv.
Ein kjem då ikkje heim frå Syden kvitare
enn før avreise! Og ja det er fantastisk å duppe lekamen nedi dei skvulpande,
lunkne bylgjene i det kretiske hav. Subbe berføtt i varm gulbrun sand og la
solstrålane fylle D-vitamin-lageret for ein lang og kald ventande vinter. Lune
måneskinskveldar på terassen ilag med grannen sin kjælne katt, spekka med dufter
av jasmin og sitronblomstring. Nyte ein iskald Retzina og lytte til ugler som
tutar, grashopper si gnisning og vinden si kviskring i oliventreet..
KRITIKES VRADIES = KRETISKE KVELDAR
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar