onsdag 28. august 2013

UTSYN

Utsyn, lys og ope lende gjer meg glad til sinns når eg går tur. Tunnelvandring likar eg dårleg. Diverre har eg kjensla av  å vandre i tunnellar fleire stadar i nærområdet. Grøne, høge, fuktige veggar av tett lauvverk langs vegane, stengjer for lys og utsyn over fjord og fjell. Turistar beklagar det same: dei får ikkje sjå det vakre landskapet vårt. Det er sant og forfærdeleg synd. Desse trea hyser også mykje påtrengande insekt og utelet viktig sollys, dei fåe stundene vi opplever eit glimt av sol på våre kantar. Dei same trea kunne ha komt eldre og andre trengande til gode som varmande ved gjennom kalde vintrar.
Norge er i ferd med å gro att, seiest det. Kven vil og kan ta grep? Grunneigarane, dei som navar/vil jobbe, men  vert anbefalt sjuke/uføretrygd eller dei som ventar deprimerte i mottak på løyve til å ta eit arbeidstak?  Våre styrande befalar.

FEA = UTSYN

Ingen kommentarer: