torsdag 8. august 2013

GJENBRUK


Eg tok likså godt å hekla eit golvteppe av slitne laken og dynetrekk eg lenge har hatt liggande. Passe breie remser i høvelege lengder og ei tjukk heklenål var det som skulle til. Set ein fargane rett saman, kan det faktisk bli ganske fint. Heklinga gjekk radigt og resultatet vart godt brukandes.  Kjensla av å ha «nøyta opp att», i staden for å kaste, kjendest ganske god. Slik var vi faktisk opplærde også i mi barn- og ungdomstid. Kven veit om ei liknande tid kjem attende?
Så berre prøv du også..
KRISIMOUPISEI XANA = BRUKE OM ATT

Ingen kommentarer: