Eg fann ei vakker lita bok på Mammutsalg forrige dagen. Både
tittel og omtale greip meg straks. Eg er svært impulsiv innimellom: når noko
treff meg, handlar eg straks. Denne dagen gjorde eg det. Boka har tittelen:
Gjeterens bok av Paulo Coelho. Berre forfattarnamnet er nok til å fatte
interesse, eigentleg. Boka er enkel, lettlest og gir retningslinjer som mest
kan kallast primitive i vår teknologiske og travle kvardag, dog verdt å dvele
ved. Den minner meg litt om Profeten av
Kahlil Gibran. Begge gir meg god sjelefred å lese.
Ei anna bok verdt å
lese, er på engelsk . Dotter mi ynskte veldig å lese A streetcat named Bob.
Ein forspørsel på Hareid bibliotek gav «full pott». (Fantastiske medhjelparar der) Boka kom oss på
kort tid i hende, og eg anbefalar den herved vidare. Nok ein vekkar kring det å
vere medmenneske, også for dyr. To
ynkelege skapningar: den eine prøver livnære seg som gatemusikant, han
er også narkoman. Den stakkars katten er også heimlaus og sjuk. Dei finn
kvarandre, og det vert ei omvending for dei begge, og dei vert nært knytte til kvarandre. Vi er alle Vårherre sine skapningar på
planeten vi deler. Omsorg og respekt for alt liv burde vere sjølvsagt. Begge
bøkene er hjartevarmarar..
BIBLIA = BØKER
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar