mandag 8. april 2013

DET ERGRAR MEG


Eg har skrive nokre CV-ar og jobbsøknader for meg sjølv, familiemedlemer og andre, siste åra. Ein utleverar mykje personleg i ein søknad, i von om at bedrifta skal finne ein interessann til jobben ein søkjer på. Media er fulle av gode råd om korleis skrive rett, og kva ein skal unngå. For søknadslesarane er ikkje nådige, ein skrivefeil kan vere nok til at søknaden hamnar i boskorga. Som jobbsøkar er ein audmjukt underlagt ein eller fleire sorterings-personar, men eg har enno ikkje lese noko form for korreks/redigering av nettopp desse, til tider, arrogante utveljarane. Å få ei melding om motteken søknad, er eit godt teikn på ei seriøs bedrift. Ein kjenner seg «lagt merke til» . Eit svar på søknad er ein sjølvfylgje og vanleg folkeskikk. Diverre tek fleire bedrifter seg ikkje bryet med å svare på søknadane. Ein uskikk som signaliserer useriøsitet og respektløyse, meinar no eg. Ein annan stygg trend er utsortering av vaksne søkjarar etter ein viss alder. Svake teikn tyder heldigvis på at dette snur, og det skulle berre mangle. Eldre arbeidstakarar er meir stabile enn yngre, syner nyare forskning. Sjølvsagt, det er logisk: dei har naturlegvis meir og  anna livsrøynsle/kompetanse på fleire område. Dessutan trengst all arbeidskraft, både yngre og eldre, for å møte pensjonistbølga som snart veltar innover landet vårt. Men fyrst og fremst, kjære arbeidsgivarar: svar…SVAR, på alle søknadane, og skuld ikkje på tid. Null attendemelding kan slå negativt tilbake, før eller seinare…

NEVRIASO = EG ER SINT/IRRITERT

Ingen kommentarer: