onsdag 30. januar 2013

IKKJE DET KJEKKASTE EG VEIT

Eit tannlegebesøk må til i ny og ne. Perlerada skal blottast og diagnoserast. Eg er passe nervøs.
Vonde minner frå skuletannpleien let seg ikkje lett slette. Ein komfortabel og polstra stol forfører meg ein augneblink inn i ei behageleg draumeverd, til eg opnar augene mot ei gedigen sol og høyrer klangen av kalde instrument som skal mekke på tanngarden min. Fingrane krummar seg kring armlenet, kroppen inntek forsvarsstilling: eg gjer meg klar til langvarig smertekamp. Det susar i skyljekoppen. På avlastningsbordet ligg ein skarp og ekkel heklekrok, eitpar rørforma bomullsdottar og ein minispegel på skaft. Inga sprøyte, heller ingen skarp skalpell. Eg andar letta. Stikking og skjering har eg opplevd nok av på kroppen, og avskyr det. Eg startar teljinga av takbrikkene og overlet kjevepartiet til spesialisten. Papirsmekka hektast kring halsen. Eit benda sugerør av hard plast vert plassert i munnhola og gneg gommane til blods, samt syg åt seg alt av slev og luft i ein livredd skrott. Det tek ikkje lange stunda, men verkar som ei eve. Lysbilda syner heldigvis null hol. Eg får faktisk litt skryt. Her skal det pussast og tanntrådast..fortsatt.
ODONTOGIATROS = TANNLEGE

Ingen kommentarer: