søndag 6. januar 2013

HOPP I HAVET-DAGEN..


Idag, 6. januar er dagen då brave menn (kvinner er enno ikkje heilt sidestilte i den gresk-ortodokse kyrkje) stuper i sjøen i von om å sikre seg lukke gjennom året. Biskopen kastar gullkrossen i sjøen, fortøygd i eit tau, vel å merke, og den som fyrst får tak i krossen, haustar åtgaum frå publikum, kyrkja si signing og som nemnt: sikra lukke resten av året.
Dagen kallast Theofania, og er til minne om Jesu dåp i Jordan-elva av den heilage døyparen Johannes, som forøvrig har namndag imorgon, 7. januar. Begge dagane er viktige heilagdagar i den gresk-ortodokse kyrkje.
Om nokon synest at gresk-ortodoks liturgi er lang, uforståeleg og keisam, finnst der då sanneleg artige sprell innimellom...,synest eg.

O THEOS = GUD, FANI = SYN

Ingen kommentarer: