Eg tenkjer sjølvsagt på 21.desember som er spådd at det då
skal skje dramatiske endringar på kloden vår. Ja, nokon meinar tilmed at då
vert det ”svart skjerm”. Finito finale.
Slutt på alt.
Vi her heime på Nisseberget, har vel knappast høyrt om
Mayane og deira tidsrekning, før no. Men i desse dagar fløymer nyhendekanalar
og anna media over om, ja, akkurat Mayakalendaren. Ny start, seiest det, for
dei snille, kjekke og greie. Denne har eg høyrt før, då eg vart indoktrinert av
ein svoveltalar på søndagsskulen, for 50 år eller so, sidan. ”Om du lyg, ser
Han deg, om du stel, ser Han deg, om du misunner nokon, har vonde tankar, gjer
dårlege gjerningar, ser Han deg. Han ser alt, og sender deg lukt ned i svarte
holet om du ikkje trur på Han”. Trua mi har vorte noko utvatna med åra. Eg har møtt
andre som trur annleis, men likevel meinar at deira tru er den einaste rette. Derfor er eg også skeptisk til all tru og
påståeleg sanning.
Uansett ser eg fram til 21. desember. Då snur næmleg sola!!
Vintersolkverv er notert i almanakken. Frå den dagen vert dagane berre lysare
framover. (Om ikkje kloden går i oppløysing, då)
TELLOS = SLUTT
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar