torsdag 29. november 2012

HURRA, EG HAR FÅTT


 ...oppvaskmaskin!! Den stod ikkje øvst på ynskjelista. Faktisk ganske langt nede. Men so bevilga eg meg ein naudsynt og etterlengta husmorferie, langt  ifrå krevjande jobb ute og heime. Og då skal eg helse og seie det skjedde raske endringar i huset. Ting som aldri skjer når eg er heime. Ei nyboren oppvaskmaskin kom i rekordfart på plass i kjøkenskapet. Ja, den er mest usynleg, fordi døra kan attlatast og skjuler heile vidunderet. Sånn sett hadde eg vel ikkje oppdaga den før skapet blei opna og kjørelda datt ut...Det skulle visstnok vere ei overrasking, men husbonden røpa seg i ein kontinental telefonsamtale, som enda opp i ein liten oppvask, sidan det  alvorlege innhogget i fellesbudsjettet hadde gått føre seg utan mitt samtykkje. Det toppa seg då eg såg at maskina var teken på avbetaling. Slikt gjer eg aldri. Kan eg ikkje betale cash, kjøper eg heller ikkje..men ventar.
At tallerken- og koppevask har vore noko av det værste og nedverdigande arbeid som finnst  her i heimen, visste eg, derfor har eg skåna både mann og born for den jobben. Faktisk har eg ei gamaldags og forstokka meining om at husarbeid er ein slags form for terapi og rekreasjon. Endog vidkjende personar som avlidne Golda Meir, sverga til pussing av koparkjelar etter harde politiske motbører. Ja det er sant: eg gløymer aldri det TV-programmet. Tenk deg all frustrasjon og  innestengd harme som vert skylt ut med vaskevatn, eller  banka vekk i puter, dyner og tepper! For ikkje å snakke om den gode kroppsøvinga som husarbeid gir. Kva skal vi med svettestinkande, støyande og stressande helse- og trimstudio? Vask og dask gir fantastisk utteljing for å oppnå ein sprek kropp, meinar no eg.
Slik kan ei husmor (guu..., kor eg hatar den tittelen. Kvæl han, som fann på det, ja for eg trur det var ein han) overleve og halde kropp og sinn på topp....berre vi får ei takk, innimellom, vert prissette og oppgraderte. Men eg fryktar ein komande  generasjon som forventar at maskiner skal gjere det meste, og livet kjennest best på sofaen, for dei fleste..
PLINITIRIO PIATON  = OPPVASKMASKIN

Ingen kommentarer: