Mjølføyken har lagt seg. Den krydra eimen av kardemomme,
allehånde, ingefær, pepar, kanel, og eg veit ikkje kva, som hang tungt over
heimen, har dunsta bort. Ut og inn-kakene som ingen et, men alle skal ha, er
vel i boks. Småfuglane gler seg til feite måltid på nyåret.
So er det vask. Helst full nedvask. Når dagane er som mørkast og
ingen ser, skal huset vaskast til jul.
Etterpå dreg vi huset fullt av kvist og kvast, konglar og
mose. At vi riv mygg, maur og andre småtroll or dvalen, ensar vi ikkje.
Iallfall ikkje før dei aular utover og trur det er vår, i omnsvarmen. Nissar og tussar, stjerner, bjeller, kuler og fleirarma lysestakar, vert
danderte rundt i heimen. Jau, det er fint, sant og visst!! Julepynting er viktig for å få rett stemning og kos i
stova. Julete gardiner kransar vindauga. Bestedukane kjem på bordet. Sylvet
lagt fram. Til sist krunar vi verket med ei edel gran, som også skal pyntast. Det gjer born og husfar med sann glede, medan mor styrer grytene og drøymer om ferie.
KALA KRISTOGIENNA = GOD JUL
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar