Plutseleg har dei berre sprotte opp. Mest over natta. Trossa
seg gjennom turr, karrig, knallhard jord og lyser opp i sin knallgule eller
lilla prakt. Haustkrokusane. Crocus tourne. Den fyrste nattedogga har vekt dei
til liv. Desse spede vakre blomane ber bod om overgongen frå sommar til vinter.
Hausten er her. På Kreta. I nord er det stikk motsatt. Vi gøymer krokus- og
andre laukblomar godt nedi haustjorda. Her skal dei ligge i dvale til vårsola
vekkjer dei. Då sprett dei opp og pryder vår vinterkarrige jord. Finurleg og
perfekt skapt er Vårherre sin store hage.
ANEXI = VÅR, FINOBOURÅ = HAUST
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar