fredag 19. oktober 2012

NÅR KOLONNENE FELL

Heile mitt liv har eg vore omgitt av trygge, trauste og rettvise menneske.  
Eit privilegium som ikkje alle har vore like heldige å ha. Om vi ikkje hadde dagleg kontakt, visste eg at dei var der og kva dei stod for. Det var menneske som eg kunne stole på, og som hadde fylgt meg frå barnsbein av, og andre som kom til meg seinare i livet. Eg såg på dei som solide kolonner i livet. Klippefaste i si kristne tru. Trufaste og samvetsfulle i arbeid og heim. Stolte, sjølvhjelpne i det meste, men også audmjuke utan å ligge andre til byrde. Kan vi nokon gong fatte arbeidet bak og prissetje denne generasjonen som bygde landet og gav oss dei goda vi flyt på i dag? Siste tida si politiske handsaming av våre eldre tyder ikkje på det. Diverre. Noko usemje mellom generasjonar er ikkje uvanleg. Men dei gode verdiane vi fekk innlært, som har overlevd generasjonane, må  vi like fullt einast om og gjere alt for å vidareføre. Livsverdiar som er evige og universielle, men som kan leggjast øyde og gløymast, om vi ikkje tek opp arven. For sjølv trauste kolonner står ikkje til evig tid. Dei har teke til å falle ein etter ein. Noko som kjennest rart, vondt og litt nifst. Det kjennest nifst og utfordrande, fordi no er det eg og mine jamaldringar som skal stå som kolonner for neste generasjon. Ei gedigen oppgåve å fylle og eit enormt ansvar. Vil vi makte det? Eg veit ikkje. Eg tvilar, men vi må prøve som best vi kan.


KOLONNES = KOLONNER

Ingen kommentarer: