Dessutan kan ho mistenkjast for å ha «spytta snus i
motvind». Fargen er svart med gule spetter. Ho kan ikkje akkurat kallast
vakker, heller sjeldan.
Ei natt tok eg ein overraskande snarvisitt og låste
meg stille inn for ikkje å vekkje ein sliten og sovande husbond. Oh, store
skræmsle, kva møter meg rett innfor døra? Eit par lysande auger og ei
åtvarande, lavmelt fresing. Eg hadde gløymt…og det hadde visst katten også. Vi
vart visstnok like skræmde. To små pusenøster skvatt til kvar sin kant, noko
som kunne forklare forsvaret. Ja, og mannen då sjølvsagt, som sov i trygg
forvissing om at vaktbikkja passa på. Vrouchi
fotfylgjer mannen overalt, endåtil når han går på vitjing over vegen til
grannen. Grannekatten er fiende nr 1, men ho overser han totalt på hans eigen
grunn. Å gå til åtak i hans eigen heim solenge han ryggar unna, er heilt klart
upassande. Ein har då eit minstemål av høfleg adferd. Vrouchi blir sur når
mannen skal vekk. Då snur ho ryggen til og tuslar seg vekk bortom nova. Men
ho er straks på pletten øvst i trappa når ho høyrer velkjend bildur.
Vrouchi i eit nøteskal, på godt og vondt…høgt elska
av familien og tilsvarande hata av sine artsfrendar.
GATA/GATTIS = (HO/HAN)KATT
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar