Å vere sakna og ynskt velkomen med varme helsingar og hjartegode klemmar sender humøret rett til himmels. Det kjem bereposar på døra med poteter, tomat, agurk, melon..ja alt frå den kretiske jord si overflod, samt egg og kjøt. Kven snakkar om krise? Nei ikkje på matfronten, men no lever vel ikkje dagens menneske av mat åleine, skjønt det er noko av det viktigaste. Litt valuta er også naudsynt til betaling av straum, telefon, bensin, medisin og alt anna som ikkje let seg betale med «markens grøde».
Ei mørk, tung sky av depresjon og avmakt heng over folket, men dei held motet oppe, hjelper kvarandre og, ja, gler seg over kvar heimvendt son og dotter som sjølvsagt legg att ein slant eller to frå eit anna land si overflod.
-Kvifor kjem de på besøk no tett før de skal reise? klaga ein, eg kunne slakta ein sau, så vi kunne ha grilla og kosa oss ein heil dag, no blir det berre ei kort kveldsstund og ei lita kanin frå frysaren. Kva svarar ein til det? Jau vi lovar at neste gong, ja neste gong…
SPITI MOU = HUSET MITT/HEIM
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar