…å kome med ei korrigering av tidlegare blogg der eg såg
noko svart på husbonden sin optimistiske såhaust. Rett skal vere rett, og eg
tok feil. Om det er vatninga frå oven å takke, jordsmonnet eller mannen sine
grøne fingrar, veit eg ikkje…det er iallfall ikkje solvarmen!
Like fullt har det grodd over all forventning, både
nyttevekstar og ugras. Røynde auger klarer likevel å skilje «klinten frå
kveiten». Innimellom jungelen av vassarv gror sunne salatblad, sukkererter,
lauk, potet og kretiske bønner.
Noko underleg har likevel skjedd i vekstperioden.
Rotgrønsakene veks oppover i staden
for nedover.
Reddikane står som raude og kvite pålar over jorda. Husbonden gnir seg i skallen og leitar etter svar på
fenomenet.
-Berre tundra her, veit du, so langt mot nord. Tela set i
jorda heilt til jonsok. Eg prøver å antyde at spådomane mine ikkje var heilt på
viddene likevel. Han stirer mistruisk på meg. Nei, det er steingrunn, slær han
fast, sikkert reine knallharde berget. Du veit når ein vekst møter motstand,
søkjer den andre retningar. Akkurat som eg ikkje visste det! Eg veit også at
det finnst ikkje harde berg her under rotvekstane. Reddikfrøa var greske, ergo
veks dei annleis i sunnmørsk jord, konkluderar vi ilag og gler oss over eiga
grøde. Neste år, seier han med draumeblikk, neste år…skal eg pløge opp heile
plenen kring huset og så….Eg seier ingenting..
LACHANIKA = GRØNNSAKER

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar