fredag 17. august 2012

FISKESPA



At fantasien er grenselaus, er ikkje nytt.  At folk let seg villeie og bit på alt nytt, er heller ikkje noko nytt. Og det er ofte fasinerande å sjå kor mange som utan skrupler og innvendingar hiv seg på alt som er in i tida. Det siste på SPA-fronten har med fisk å gjere. Nei, det er hverken symjing med delfinar eller dasking på mage og rygg av ein møretorsk eller ei dvask kveite.  Du puttar rett og slett fotelankane nedi akvariet. Om du er so heldig å ha det. Men fortvil ikkje, berre i sentrum av Rethymnon talde eg 3-4 fiske-spa-studio som hadde sprotte opp som troll i øskje, sidan sist eg trakka i desse bygatene. I underkant av eitt år. På rad og rekkje sat turistane, dei innfødde let seg ikkje freiste, med potane i kvar sin kum og let ein heil fiskestim plukke dei reine av forderva hudceller, vart det meg fortalt. Ein skulle visst nok kjenne seg totalt renovert, fornya og  maksimalt avslappa i etterkant av eit kvarters fiskenupping av den genuine fiskearten Garra Rufa. Eitpar krabbar kunne gjort ein betre jobb etter mitt skjøn. Badevatnet vert regelmessig rensa, kor ofte det no måtte vere, med UV og O3. Ei skumlesing på nett, gjorde meg endå meir skeptisk. Fleire hadde pådrege seg alvorleg infeksjonar, naturleg nok. Ei lita rift i potane er nok. Trengst det mykje logisk tankegang for å skjøne det?  Og prisen? 10€ for eit kvarters fiskenupping. Nei, då stikk eg heller føtene nedi tareskogen frå fjøresteinane her heime, eller tek ein real sandskrubb på stranda i Rethymnon.
PSARI = FISK

Ingen kommentarer: